søndag 24. mai 2015

Anbefales

Dette er ein roman med fire synspunkt på én historie og alle desse synspunkta viser seg etterkvert å flette seg inn i kverandre betre enn først forventa. Boka fotel ein nydeleg historie om blandt anna det å ver pårørande etter å ha mista nokon og korleis det tapet kan påvirka ei heil bygd. Den tar også opp så mange viktige tema som virkeleg berørar lesaren. Helga Flatland skildrar berre heilt nydelig og eg forelska meg i måten ho skriv og formidlar på. Eg synast først at boka starta litt kjedeleg men etter å ha lest den ferdig så er eg veldig glad for at eg leste heile. Det ligg så utrulig mykje usagt mellom linjane og når man ser dei tinga så blir boka berre enda betre. Eg er virkeleg glad for at eg fikk den her boka anbefalt og vil anbefale andre også tel å les den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar